onsdag 2. januar 2013

Bloggeåret 2012 Del 2

 I juli skjedde det mykje ute rundt huset. 
Uten at det vart dokumentert så mykje her på bloggen. 
Det skal liksom vere heilt ferdig før eg kan vise bilder ;) Huset vart måla kvitt,
 og ein diger terasse var på plass foran huset. Inne putla eg med småprosjekt. 
Måling av vaser, hermetikkbokser og støyping av lys i gamle fine kopper.
 Eit prosjekt eg hadde holdt på med ei stund vart ferdig;
det runde teppet som er hekla av stoffremser.
 Denne månaden feira eg 34 år. 
Eg fekk i hus mange fine bruktfunn, blant anna den finaste kakeboksen etter Besta. 
Eg fekk også ein vaskemugge av ei snill dame som les bloggen min, og visste at 
eg liker desse :) Ein liten skuffesak fekk ein makeover,
 og dei fineste fata mine vart hengt
 opp på veggen.
 I september døypte vi vesle søtaste Hermine vår, det var ein flott dag! 
Eit lite bilde av stova vår kom i KK Living. Eit anna bilde eg har tatt (nede til venstre)
 vann ei haustutfordring hos Lidyll. Eg hekla ei rund pute
 til Hermine sitt kommande rom :)
I Oktober feira vi Halloween for første gong med gresskar og utkledning. 
Det var moro, og kjem til å bli tradisjon :) Bildet mitt (oppe til venstre) kom i 
finalen i haustutfordringa til Tips&Inspirasjon til Hjemmet. 
Baderomsbildet (nede til venstre) vart med i galleriet til 
utfordringa til NIB denne månaden. Og eg hekla 
eit rundt teppe til badet, der dørene 
også vart måla blå :)

 Bildet mitt (øverst til venstre) kom i finalen i NIB si utfordring denne månaden; Kos. 
Og eg var veldig stolt :) Eg lærte meg å hekle luer, og hekla mange! Spisebordet som har stått på planen min i ei evigheit, vart endeleg måla grått. Det vart også kåra ein 
vinnar (Fru Andersen ;) i utfordringa eg hadde gåande; Kreativ med Barn. Der det kom 
inn mange flotte bidrag! Eg starta med juleforberedelser og var ferdig med 
vasking og pynting før 1.desember. Dette fordi eg fekk besøk 
av Fylkesmagasinet, som laga julereportasje
 frå Fjordhuset.


Eg var tydlegvis inne i ein god periode, for eg fekk vere med i Galleriet til NIB si 
utfordring denne månaden også. Denne gongen var utfordringa; Jul i vårt Hus. 
Bildet som var med er øverst til venstre. Ariel sitt rom kom 
på trykk i Barn&Bo. Ellers kosa vi oss maksimalt 
med juleforberedelser og avslutta månaden
 med ei fin julefeiring :)

Det har vore eit fint år, der mykje positivt har skjedd her på bloggen! 
Eg er veldig glad for at eg ikkje slutta likevel etter den lange bloggepausa mi :) 
Eg har på følelsen at 2013 blir eit like fint bloggeår! Og eg håper du har lyst å følge meg vidare! For det er jo du som les og kommenterer 
som gjer at dette er så moro! 
Tusen takk :)

Ha ein fin kveld!

Klem frå Bjørg :-)

4 kommentarer:

Audhild sa...

Jeg digger, digger, digger, digger bloggen din :))
Takk for inspirason i massevis & koselig lesing og flotte bilder i året som gikk :)
Gleder meg til et nytt!

Klem Audhild!

Hulda sa...

Nå har jeg kosa meg med bildene på tilbakeblikkene fra året som har gått. Du har det så fint, og tar gode bilder. Lager mye fint, både søm og annet. Koser meg når jeg er innom her hos deg.

Inger Johanne sa...

Jeg virkelig nyter å se bildene og lese bloggen din. Du er så kreativ, og her får jeg mange gode tips.
Gleder meg til å følge deg videre i 2013.

Anonym sa...

Gleder meg til å følge deg videre! Hilsen Hege

Related Posts with Thumbnails