lørdag 20. februar 2010

Enkel kreativitet...

Eg tok ein serie bilder av Ariel i håp om å feste eit smil på film...Det lykkast eg ikkje med, sidan ho har ein tendens å virre på hovudet slik at bildet blir uklart. MEN eg fekk mange andre uttrykk som var vel verdt å ta vare på ;-) Desse må jo selvfølgeleg på veggen! Eg kom på nokre rammer eg bestilte frå Panduro for litt sidan.






Denne vart måla kvit. Eg skreiv ut bildene i lommebok- format, festa fotoarket på eit kvitt Bazill- ark og klistra skrifta "love you" utanpå og voila.......


















...er ansiktsutrykka til 2 mnd gamle Ariel foreviga på veggen.

I dag har vi vore ein svipptur til Førde...og BOMBE eg fekk handla litt til. Fekk tak i lampeskjerm til loppis-lampefoten min, sølvspray og eit kjempesøtt fuglehus.

No skal eg kose meg med pizza og TV resten av kvelden...eller kanskje måle krakken? Vi får sjå ;-)

Ha en fortsatt fine kveld!

Klem :-)

1 kommentar:

Fru Ruud sa...

Hei hei!! Nydelig lita jente dere har. Savner det å være i permisjon. Nå blir Lillegutt sanrt to år, tida går bare så utrolig fort...
For en utsikt dere har, helt nydelig!! Skjønner dere også har hatt litt jobb med dette ja!! Så utrolig heldige å få gamle møbler med på kjøpet da, likte godt sjenken du viser!
Blir gøy å følge deg videre!
Ha en fin søndag!
Klem Annette

Related Posts with Thumbnails